menu

1968-kunstnerisk


27. januar 1979

Kunstnerisk

Storsalen

Beskrivelse

Styret i Samfundet opna semesteret med festmøte med 1968-tema og SIT takka ja til å stille opp.

Svein «Ringen» Bjerken (Regi) var gjestesolist i finalenummeret som var Bob Dylans «I Shall Be Released».

Planen var å vise dei frisinna sidene ved 60-talet gjennom at heile ensemblet skulle stå nakne på scenen i finalen, slik ensemblet i «Hair» gjorde det på Broadway i 1967. Det viste seg at den unge garde ikkje var fullt så frisinna. Det som alle meinte var ein god idé på planlegginsstadiet, vart mindre og mindre attraktivt mens lørdagen nærma seg. Ein etter ein trekte seg. (Ikkje Brit Wiedswang, men ho hadde eit lynskift frå nest siste nummer og kunne ikkje vera med. Ho insisterer på at dette var grunnen.)

Til sist endte det med at Svein Gladsø og Idar Lind blotta seg. Fotogjengen var tipsa (ikkje av oss) og hadde fire-fem mann i salen med kamera, men fekk ikkje til noko meir avslørande enn det vi ser under. (Å klikke på biletet gir ein større versjon, men avslører ikkje meir.)

Medvirkende
Skuespillere:
Anitra Terese Eriksen
Berte Hilmo
Bitte Johannesen
Bodil Midthjel
Brit Wiedswang
Harald Lone
Helge Skjelstad
Idar Lind
Lise Beate Siverts
Marit Solbu
Svein Bjerken
Svein Gladsø
Tore Johs. Bakken
Tove Øwre

Musikere:
Ketil Rudjord (bass)
Tord Augland (gitar)
Øyvind Odland (tangenter)
Svein Augland (trommer)

Forestillinger
Premieredato: 27. januar 1979
Bilder